IMR fartøy + boreriggar = sant?
Dette var spørsmål som vart løfta når ein såg på korleis boreaktivitetar kunne verta gjort på ein smartare måte. Det tok ikkje lang tid før alle var einige om at dette kan me få til. Sidan november 2016 har Seven Viking trekt 7 og installert 4 ventiltre på Troll feltet. Dette har blitt gjort i tett samarbeid mellom Subsea 7, Statoil Brønn og Boring, Aker Solutions & Statoil IMR. Installasjonskampanjen for 4 ventiltre blei gjennomført på under 4 dagar ute på feltet. Dette er ein ny rekord for denne type operasjonar.
ROV Powerskid påmontert ROV.
Heile prosjektet har vore ein tankevekkjar for dei involverte. Vanlegvis installerer og trekker boreriggen ventiltrea sjølve – då det er vanleg å fortsette med kompletteringa på same lokasjon når nye brønnar er bora eller plugga. I staden for går riggen no vidare til neste lokasjon med BOP hengjande 20 – 30m over havbotn. Fartøyet kjem inn og installerer ventiltre mens riggen borar på ein anna lokasjon. Når fartøyet har satt ned utstyret og testa det, så kjem riggen tilbake for å fortsetja jobben og starta produksjonen. Denne symbiosen mellom fartøy og rigg trur underteikna at det vil kome meir av i framtida. Spesielt på felt der det er mykje riggaktivitet.
Eit anna aspekt er at kostnadsnivået blir vesentleg redusert for denne type operasjonar samstundes som ein får nytta boreriggen til meir verdiskapande aktivitetar.
Ventiltre med TRT landa på dekk.
Korleis blir operasjonane gjennomført?
Suksessen til desse operasjonane kan delast opp i fleire bolkar:
Forenkling av operasjonen ved bruk av fartøy
Ein borerigg har eit guidesystem som er laga for å køyre BOP, og installasjonsutstyret må tilpassast dette systemet. Det er mange forskjellige variantar av guidesystem, som igjen medfører mykje arbeid i fabrikasjon og ingeniørtimar for å tilpassa for kvar rigg. Når ein no brukar fartøy så er guidesystemet her laga for å kunne køyre dei fleste modular utan store tilpassingar.
Fartøy
Seven Viking som er brukt til operasjonane er skreddarsydd til denne type operasjonar. Løftekapasiteten og guidesystemet gjer det særs fleksibelt til tunge moduloperasjonar. Gjennomtenkte løysingar på dekk og eit erfarent mannskap gjer ein god flyt i operasjonen.
Teknologi:
Statoil har i samarbeid med Oceaneering utarbeid eit hydraulisk pumpe skid som er skreddarsydd for ventiltre operasjonar som har fått namnet «powerskid». Powerskidet inneheld 2 oljetypar, brayco og oceanic, for å kunne gjennomføre alle nødvendige operasjonar på denne typen ventiltre under trekking og installering. Kommunikasjon går gjennom fiber i ROV navlestrengen opp til operasjonsrommet der alle funksjonane blir køyrt via ein bærbar PC.
Modifiseringar
Ei enkel modifisering har vorte gjort på TRT – Tree Running Tool for å kunne koble opp hydraulikken til det nye pumpeskiddet som er utvikla. Dette består av eit lite ROV panel med 3 stk blue logic hot stab receptical som er kobla til hydraulikk kabelen som går ned til ventiltreet frå TRT.
Samarbeid
Utan det tette og gode samarbeidet mellom Statoil, Subsea7, Aker Solutions & Oceaneering hadde dette prosjektet raskt blitt tidkrevjande og utfordrande å gjennomføre. Alle partar har vore løysingsorienterte og utfordringar blei løyst raskt og effektivt.
Avslutningsvis
Det å sette eller trekke ventiltre er i seg sjølv ikkje revolusjonerande, men kombinasjonen mellom gamal og ny teknologi i lag med kostnadsreduksjonen gjer at dette blir lagt merke til. Dette opnar og for vidare arbeid med å overføra oppgåver frå borerigg til fartøy.
Det er ei spanande tid me går i møte med større fokus på smarte og enkle løysingar i kombinasjon med digitalisering.