Tøffare krav til subseamotorar

Testansvarleg i IKM Subsea Motor Solutions gjennomfører siste steg i eit utvida testløp for ein 550kW subseamotor. Slik utvida testing, kombinert med auka krav om tilgjengelegheit og berekraft, set tøffare krav både subseamotorar og til dei som produserer dei.

Testløpet for 550kW motoren, som skal nyttast i forbindelse med boreoperasjonar, inkluderer empirisk dokumentasjon av effektivitet, effektfaktor og vibrasjonsnivå for kvar enkelt motor. For å gjere dette må ein og ein motor køyrast ned-dykka i vatn ved nominell last og hastigheit til alle temperaturar er stabile. Ei rekke høghastigheitssensorar måler kritiske parameter som last, hastigheit, straum, spenning, vibrasjon og temperaturar. Denne testmetodikken avdekker mest alle eventuelle svakheiter i design og produksjon før motoren i det heile tatt forlèt produksjonslokala. Det er òg ein testmetodikk som krev høge investeringar i utstyr og mykje tid.


Forbetringar frå tilbakemeldingar og erfaringar
Bruken av subsea motorar for operasjonar under vatnet er ofte kostbare å gjennomføre. Lønsemd er avhengig av full tilgjengelegheit av motorane, og det vert sikra på fleire måtar. Først og fremst må motorane være designa på ein robust måte for å unngå problem i første omgang, både mekanisk og elektrisk. IKM har produsert subseamotorar i over 25 år, og har gjennom åra stadig forbetra designet basert på operasjonelle tilbakemeldingar og erfaringar. Planlagt vedlikehald er likevel nødvendig for å minimere overraskande operasjonsstopp, og inngår i tenestene som IKM Subsea Motor Solution tilbyr. Ofte er det mogleg å stoppe og reversere eit redusert isolasjonsnivå i motorane med ein spesiell innvendig vask. Dette er mykje billigare og raskare enn å erstatte viklinga med ei ny.


Reparere så raskt som mogleg
Dessverre hender det likevel at motorane vert øydelagde. Dei mest vanlege årsakene er ytre mekanisk påverking, inntrenging av vatn, og overbelastning. Dersom dette hender, er det kritisk å reparere så rask som mogleg for å fortsetje den pågåande operasjonen. Fleire brukarar av motorar kjøper reservemotorar for å minimere reperasjonstida mest mogleg. I tillegg investerer IKM Subsea Motor Solutions i eit omfattande lagerhold av reservedelar for å sikre effektive reperasjonstenester. Selskapet leverer standardiserte subsea motorar der reservedelar er like mellom fleire ulike kunde-tilpassa motordesign, og har difor ofte lagerførte delar også til motorar det er produserte få av.


Rotasjonshastighet kan styrast
For 20 år sidan køyrte elektriske motorar, både i industrien og subsea, oftast med ein konstant hastigheit. Sidan den gong har det vert ei omfattande utvikling av frekvensomformarar som gjer det mogleg å styre rotasjonshastigheta fritt. Dette gjer operasjonelle moglegheiter og ofte ei meir direkte kopling mellom motor og last. Men det fører også med seg nye potensielle feilkjelder knytt til spenningsvariasjonar og harmoniske komponentar, særleg i forbinding med dei lange kablane og høge spenningane nytta for undervassoperasjonar. Det er difor viktig å designe drivlinjene til subseamotorar på ein måte som tek hand om desse nye krava på ein god måte, og å gjennomføre realistiske simuleringar som ein del av kabelvalet.
 

Sirkulærøkonomi i praksis
Subseamotorar er tradisjonelt sett fylt med mineralolje for trykk-kompensasjon og smørjing. Fleire brukarar av subseamotorar ønskjer å erstatte denne mineralolja med meir skånsame alternativ som ikkje skader miljø eller personell på same måten. Men slike skånsame alternativ har annleis krav til reinsing og tørking, og krev difor anna materialval, handteringsutstyr og prosedyrar enn det mineraloljer gjer.

Pålitelege løysningar, planlagt vedlikehald, effektive reperasjonar og målretta resirkulering av kasserte delar sikrar god tilgjengelegheit for subsea motorar med minimal resursbruk, og er eit eksempel på sirkulærøkonomi. Dette, samt nytting av oljer og andre innsatsmidlar med mindre miljøpåverknad, er stader der produksjon av subseamotorer vil verte endå meir berekraftige dei neste åra.


Satsa på teknologi
IKM, som ein etablert norsk produsent av subseamotorar, såg trenden om tøffare krav som ein moglegheit til å satse endå meir på denne teknologien. Selskapet fisjonerte difor ut IKM Subsea Motor Solutions AS som eit eige spesialisert selskap for satsinga 1. januar 2021. Teknologiselskapet er ein komplett leverandør av subseamotorar med tilhøyrande drivlinjer og tenester, og gjennomfører design, vikling, montering og testing i lokalar på Jæren. Selskapet har sidan den nylege utskiljinga investert fleire millionar i nytt utstyr for å kunne produsere  og teste motorar på ein mest mogleg effektiv måte og med meir skånsame kjemikaliar, og legg til rette for stadig fleire, større, og meir komplekse oppdrag.